top of page

Utstilling


Rolf M. Sørensen er ein stor og smilande mann, som sprer om seg med gode ord og stemning kvar enn han reiser. Og reisa har han gjort det meste av livet, langstrakt land og stormande strand omkring, med fotoapparatet over skuldera. Som reiselivsfotograf med hovudbase på Vestlandet har han teke bilete for mellom andre NSB og Fylkesbaatane, og motiva hans er å finna på postkort og vegger i heile Noreg. Sjølv om han no offisielt er pensjonist, greier han ikkje heilt å halda seg heime i Bergen likevel - krokete vestlandsvegar og kjensfolk i vekkgøymde fjordarmar lokkar framleis.

Rolf kjenner alle hotelleigarar i Sogn, og er stamgjest på Gaupnetunet, der eg var heldig å bli kjend med han i fjor vinter. Då det vart klart at han skulle halda salsutstilling på Sognefjord Hotell på Hermansverk no i haust, inviterte han meg til å stilla ut nokre av mine bilete òg. Det har eg sjølvsagt takka takksamt ja til.

Utstillinga opnar onsdag 2. november, og varer ut laurdagen same veke. Til saman dekkar Rolf sine bilete og mine det meste av Noreg og litt av utlandet, med eit tyngdepunkt i Indre Sogn. Me håpar det skal finnast noko for ein kvar smak, både gjenkjenneleg og eksotisk, klassisk og meir eksperimentelt. Dersom ein finn noko ein likar, kan ein få kjøpt det på staden, eller bestilla i anna format eller utføring. Jo fleire som tek turen innom - for å kika, ta eit kakestykke, eller slå av ein prat om vêr og vind og fotografi - jo hyggelegare blir det!

Me er på plass frå kl. 12.

Velkomne!

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page