top of page

 C'est moi ...

Silje Drevdal heiter eg, og er heime i Gaupne i Luster, 

men òg i Bergen, Medellín, Verda.

​

Prøver å sjå med opne auge, utan skylappar og solbriller;

går dit føtene og augeblunken tek meg, 

om det er til støls eller over verdshava.

​

Eg trykker alle bileta mine sjølv, so om du finn noko du likar her, 

kan det bli ditt i den storleiken og på det papiret du ynskjer.

Nokre av bileta arbeidar eg òg vidare med etter trykking, 

med til dømes tråd eller fargeblyant.

 

Fotooppdrag - små eller store - gir meg retning og utfordring, 

og ofte høve til å utforska tema og motiv eg ikkje eingong har tenkt over før.

​

Om du har funne bilete du likte, eller har idéar til bilete du gjerne skulle funne,

eller om du berre har lyst til å sei "hei",

legg gjerne att ein kommentar, eller ta kontakt.

Me snakkast!

​

Success! Message received.

  • Facebook Basic Black
  • Twitter Basic Black
  • Instagram Basic Black

© 2016 Silje Drevdal

bottom of page