

Utstilling
Rolf M. Sørensen er ein stor og smilande mann, som sprer om seg med gode ord og stemning kvar enn han reiser. Og reisa har han gjort det meste av livet, langstrakt land og stormande strand omkring, med fotoapparatet over skuldera. Som reiselivsfotograf med hovudbase på Vestlandet har han teke bilete for mellom andre NSB og Fylkesbaatane, og motiva hans er å finna på postkort og vegger i heile Noreg. Sjølv om han no offisielt er pensjonist, greier han ikkje heilt å halda seg h