top of page

21. desember

Vintersolkverv.

Smak litt på ordet.

Ganske fint.


Ordboki seier at "kverva" kjem av norrønt "hverfa" og tyder:

1 svinge rundt, gå i ring, boge, til dømes om straum i vatn

2 kome av syne, bli borte, kverve bort / skipet kvarv i synsranda

3 minke inn, skrøkke

Rart kor ulike tydingar eit ord kan ha, og likevel gi meining. Det er vel helst fyrste tolkinga som er relevant for solkverv, men det høver for so vidt bra at ordet òg har tydingane "komma til syne" og "bli borte". For i dag er den dagen då sola kjem seinast til syne, og blir tidlegast borte.


Alle har me litt ulike opplevingar av kva jul er. Dei fleste her til lands er vel einige om at det er ei viktig høgtid, og sikkert i store trekk om at det handlar om å ta fri frå kvardagen og vera med dei ein er glad i. Kva me elles legg i denne feiringa kan vera særs individuelt.

For meg er lyset ein heilt avgjerande bit av opplevinga. Me markerer, som nordbuar før oss, at dette er den mørkaste tida på året, og at me saknar sola. Me fyller heimane våre med eld: fyrer i peisen og tenner stearinlys. Og sjølv om det kanskje ikkje lenger handlar om å halda mørke makter på avstand, so kjennest det likevel litt sånn av og til, når natta ligg kolsvart og tett utanfor glaset og det knest i turr ved. Eg slit heldigvis ikkje med vinterdepresjonar, men tykkjer faktisk det er litt kjekt med denne vinterstemninga: låge solstrimer, solnedgang midt på dagen og ei natt som varer og varer. Gode grunnar til å samlast i varmen og lyset, med god drikke og vintermat. Dessutan set ein mykje meir pris på det ein i periodar må greia seg utan.


I dag kverv sola, og det skal feirast!


Sol som renn og sol som glar, sol som gøymer seg og sol som kiker fram, sol på fjell og sol på vatn:

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page