top of page

18. desember

Heim til jul!

Tett og skoddegrått over Bergen by i dag, og eg skal herifrå og mot snøen (håpar eg).

Har pakka inn dei siste presangane som skal vera att, og fått rett lappar på alt (håpar eg).

No er det berre å finna att alt som skal vera med, og få det ut i bilen, og so ber det straka vegen innover og nordover (håpar eg).

Det blir bil i dag òg, men bilete frå den vedunderlege båtturen Bergen-Sogn.

Har ikkje heilt innsett før denne bilturen kor mykje eg eigentleg trivest på båten. Det er noko spesielt med å pakka niste og ei god bok, kanskje ein film på datamaskina, finna seg eit godt sete, planlegga når ein skal kjøpa seg ein kaffikopp, ta ein luftetur ut på dekk med kameraet, eller kika ut på regnbygene og lata tankane vandra. Fjella som stig kring ein på veg innover fjorden, eller kystlandskapet som opnar seg på veg ut. Soloppgangen mot byn, eller solnedgangen heimover.

Og no, like før jul, er det fullt av folk og pakkar og bagasje, og smil og forventing og stemning.

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page