top of page

15. desember

Hadde kledd meg for vinter i dag, men det var jo ei feilberekning, for eg er jo i Bergen. Men noko særleg regn vart det heldigvis ikkje, trass i at eg hadde lagt att paraplyen heime.

Lunsj og kaffi, middag og kino med fine folk i dag. Slik burde adventen vera. Slik burde eigentleg kvardagen vera. Kanskje det er forsettet for neste år.

Trur ikkje eg har vore på Løvstakken meir enn éin gong i år. Men det fine med fjell er jo at dei ligg der, uansett. Solide og trygge. Som ei slag ryggdekning. Det er nok difor eg ikkje kan bu ein stad utan fjell: eg kjenner meg so utsett ...

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page