top of page

20. desember

Kor mange nyansar av grått Gaupne var pakka inn av i dag skal eg ikkje uttala meg om, men det var ganske tett og tuske. So langt ser det i alle fall ut til at jula blir meir grå enn kvit. Kanskje like greitt om gråvêret legg seg skikkeleg til, so ser me ikkje anna enn skoddeheimen likevel.


So lenge det ikkje ligg snø har vel småfuglane tilgang på eitt og anna, men det er lenge sidan dei begynte å flokka seg til brettet utanfor kjøkenglaset. Eg forstår dei godt: her har dei fri tilgang på mat mot minimal innsats. Utsikten er god, og mellomstasjonane mange. Dei går i skytteltrafikk mellom brettet, tujaen ved garasjen, syrinene ved gamlehuset og epletreet ved kårhuset. Og om det skulle bli tomt her, har naboen fuglebrett òg. Sidan eit særdeles seigliva virus har halde far min heime i stove store deler av hausten, har det ikkje vore tomt særleg ofte, men det er imponerande kor kjapt ein pilfinkflokk kan tømma eit fuglebrett.

Pilfinkane er nye i år her hjå oss, og har lært oss litt om skilnadar i fugleåtferd. Våre gamle venner meisane kjem som lyn frå skoddehimmel, brått dirrande på strengen som held brettet, finn seg eitt frø, og gjer vendereis til epletreet. Pilfinkane derimot, kjem i flokk. Dei landar midt i frøhaugen som om dei eigde han, gjer nokre vrikk med rompa for liksom å sessa seg ordentleg medan dei brukar vengjene til å spre so mange frø som mogleg ut over altangolvet og hellene under. Og der sit dei til dei er nøgde, med mindre ein anna pilfinkfant kjem litt for nær. Då er det kjekling og kjefting, og litt kiving i lufta om naudsynt. Oppbrotet er brått og felles. Tydelegvis treng desse flokkane mykje tid på sakshandsaming og konflikthandtering, for dei har oftast minst ei økt om dagen borte i tujaen, og debattetiketten er det so som so med.

Gråsporven gjeng i tunet, faktisk. Han er sjeldan å sjå oppe på brettet. I år har han fått selskap av den litt større gulsporven som òg er nykommarar. Ein velkommen fargeflekk. Grønfinken er åleine - eg er litt usikker på om det er meir enn éin som vitjar oss i år. Spettmeisen er i alle fall ein einstøing, men han høyrest gjennom heile huset når han går laus på meisebollen som heng mot veggen. Dei andre småmeisane me er vane med å sjå glimrar med fråvær, men eg veit dei er her. Oppe i skogen gjekk eg meg tidlegare i månaden inn i ein kvitrande og svirrande flokk med småfuglar mellom orestammane. Der var granmeisen og fuglekongen med. Kan henda dei vågar seg ned på brettet dersom det ein gong blir verkeleg kvit vinter.


I Bergen har eg skogen rett utanfor vindauga, og i førre veke dukka det brått opp noko lysande raudt mellom vintertrøytte tre: ein liten gjeng dompapar på tur. Har ikkje sett noko til dei her heime, verken i år eller tidlegare. Ikkje veit eg kvifor dei føretrekkjer andre trakter, men det hadde vore kjekt å sjå dei på brettet, for fine er dei.






Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page