19. desember

Omsider heime i Sogn etter ein lang og tung tur på regnsvarte vestlandsvegar i går, og her er det ingen snø. Ikkje høyrest det spesielt lovande ut for dei kommande dagane heller, om ein skal tru på vêrmeldinga, og det skal ein jo helst, for då er ein førebudd når ho slår til, og so kan ein bera seg når ho er feil. Vind skal det visst bli, men helst i ytre strok, og det kan ein vel ikkje kalla Luster. Faktisk er me vel omtrent so "indre" som det går an å vera, og samtidig kalla seg vestlending.


Men snøen let venta på seg.


Det hadde vore fint med litt kvitare landskap og turrare asfalt i går på vegen. Sikt blir det heller dårleg med når det blendar frå trafikk og blenkjer i vatn, og det elles er svart som det berre blir i desember. Samtidig kan eg ikkje klaga på føret. Dama på radioen var tydeleg bekymra for folk på vegane i går, og ba alle helst halda seg inne, for det var underkjøling og frost og regn omeitanna, og generelt ufyseleg visstnok. På Vestlandet var det derimot ikkje kjøld nok til verken underkjøling eller overkjøling, og difor ikkje noko stort problem å halda bilen på vegen so lenge ein greidde å skimta vegen. Plusgradene som har lege over Bergen siste veka heldt stand, men det er nokre kalde plussgrader, tykkjer eg. Rå er dei, og gir slikt vått vêr som liksom set seg i kleda og mergen. Her i Sogn er plussgradene færre, men turrare og varmare.

Og snøfri.


Det spøkjer for den kvite jula, men eg håpar enno.




Dagens tema:

Bilete frå Gaupne med snødekke, av typen "bilete ein tek når ein ikkje giddar å gå so langt utom døra".


Siste nytt
Gammalt nytt

© 2016 Silje Drevdal