top of page

22. desember

  • Silje Drevdal
  • Dec 22, 2016
  • 1 min read

Food, Glorious Food ...


For det handlar òg om mat, sjølvsagt.

Altfor mykje og altfor ofte, alfor feitt og altfor søtt.


Men slik skal det vera, for det er jo jul. Dessutan et me - heldigvis - ikkje på denne måten heile året. Berre nesten.

I jula er det lov å kosa seg med ekstra god mat, både heimelaga og kjøpemat ein ikkje unnar seg kvar dag. Men det er so mykje godt der uta, so mykje eg har lyst til å smaka og laga, at eg får litt problem med å få plass til alt i jula. Sjølv om eg tek adventen i bruk, og passar på å baka julekakene tidleg, rekk me aldri alle dei middags-rettane og dessertane eg har tenkt på at kunne vera kjekke å prøva, og det er alltid att eit lass med snop, julekaker og restar etter nyttår. Sjølv om ein et både oftare og meir enn elles, må det prioritering til. Og når alt det me reknar som obligatorisk er på plass - pinnekjøt, lutefisk, ribbe og heilsteikt aure, riskrem, gelé, rosinbollar, kakao og peparkaker, store og lange (og seine) brunsjar med røykelaks og sild, sylteflesk og geitost, heimepressa jus og minst 7 sortar syltetøy - då er det eigentleg greit å ha nokre dagar innimellom til å eta restar, og kvila seg mellom slaga.


Og so går ein inn i januar litt uvel og klar for å beynna på eit nytt og betre liv.

 
 
 

Comentarios


Siste nytt
Gammalt nytt

© 2016 Silje Drevdal

bottom of page