top of page

1. desember: Ein litt forseinka julekalendar

Det vert ikkje adventskalendar på meg i år.

Eg klagar ikkje, det er min eigen feil. Om eg hadde planlagd godt nok til å få inn julekalendarmekking på planen desse siste vekene i november, hadde eg òg fått kalendar sjølv. Men slik vart det ikkje. I dag tidleg vakna eg difor til 1. desember utan å kunna opna verken luke eller presang. Det blei ikkje heilt det same å gå og finna seg ein sjokolade i skuffa sjølv.


Den fyrste snøen har lagt seg i Gaupne, desembersola lokka gjennom glaset i føremiddag, og i dag var det eit privilegium å kunna nytta dei ekslusive dagslystimane til ein spasertur langs Jostedøla med kameraet. Ofte er det når tankane får litt fri at ideane kjem, og for meg skjer dette ofte når det er beina og augene som arbeidar. Ideen som fall ned frå ei grein i dag var sjølvsagt ein fotokalendar. So her er han: luke nummer 1 er med dette servert. Litt i seinaste laget, men får unnskulda med at dagens bilete er blodferske. Satsar på at det heretter blir eit bilete kvar dag fram til 24. desember, i all hovudsak frå 2016-arkivet.


God advent!

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page