
4. desember
Bær i heile hagen om sommaren, bær i heile frysen om vinteren. So mykje bær at det ikkje blir plass til julematen ... I dag har eg difor laga gelé av frysarbær. Litt rips, litt bringebær, litt appelsinskal, litt krydder og litt improvisasjon (eg er frykteleg dårleg til å halda meg til oppskrifter, men ofte går det greitt likevel. Ikkje alltd, men oftare enn ikkje). No står geléen fin og mørkeraud på kjøkendisken og geléar seg i glasa (håpar eg). Ved sida av står eit Norgesgla

3. desember
Då eg var lita køyrde me Vikafjellet. Me køyrde Aurlandsfjellet, eller pakka niste og tidsfordriv og tok 2-timarsferje. Me køyrde opp på fjell og over fjell og ned frå fjell og rundt fjell. No har me tunell, og køyrer gjennom fjell. Det har vorte kortare og lettare og raskare å reisa oftare. Men turen i seg sjølv, blir ikkje heilt den same.

2. desember
Kanskje det er eit tidleg teikn på manglande inspirasjon (lovar dårleg på dag 2 av kalendaren), men dagens bilete er frå akkurat same stad som gårsdagens: vegen langs Jostedøla, frå Gaupnahagen fram til Hurredn. Desse har eg derimot ikkje teke i dag, men henta fram frå arkivet, nærare bestemt frå den 27.mai. Èi av mange oppdagingar eg har gjort ved å vera vekke frå Noreg ei stund, er at årstider er noko av det finaste som finst. Årstidene gir rytme til året og livet, og står

1. desember: Ein litt forseinka julekalendar
Det vert ikkje adventskalendar på meg i år. Eg klagar ikkje, det er min eigen feil. Om eg hadde planlagd godt nok til å få inn julekalendarmekking på planen desse siste vekene i november, hadde eg òg fått kalendar sjølv. Men slik vart det ikkje. I dag tidleg vakna eg difor til 1. desember utan å kunna opna verken luke eller presang. Det blei ikkje heilt det same å gå og finna seg ein sjokolade i skuffa sjølv. Den fyrste snøen har lagt seg i Gaupne, desembersola lokka gjennom