12.24.2016

12.23.2016

12.22.2016

12.21.2016

12.20.2016

12.19.2016

12.18.2016

12.17.2016

12.16.2016

12.15.2016

Please reload

Siste nytt

2. desember

02.12.2016

Kanskje det er eit tidleg teikn på manglande inspirasjon (lovar dårleg på dag 2 av kalendaren), men dagens bilete er frå akkurat same stad som gårsdagens: vegen langs Jostedøla, frå Gaupnahagen fram til Hurredn. Desse har eg derimot ikkje teke i dag, men henta fram frå arkivet, nærare bestemt frå den 27.mai.


Èi av mange oppdagingar eg har gjort ved å vera vekke frå Noreg ei stund, er at årstider er noko av det finaste som finst. Årstidene gir rytme til året og livet, og står for uendeleg variasjon i vêrtypar, fargar, lukter, lydar, smakar, lys, stemningar og kjensler. Her hjå oss er omskiftingane naturen skal nå gjennom på 365 dagar so store at ein ofte kan sjå (høyra, lukta) skilnad frå dag til dag. Alltid noko nytt, servert på sølvfat, heilt gratis til alle som finn vegen ut døra! Det er nesten so eg tykkjer det er litt synd på dei som må leva i den same verda heile året. 

 

Eg går dei same vegane igjen og igjen, og dei tek meg til ei ny verd kvar gong.

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Please reload

Gammalt nytt

© 2016 Silje Drevdal