4. desember
Bær i heile hagen om sommaren, bær i heile frysen om vinteren.
So mykje bær at det ikkje blir plass til julematen ...
I dag har eg difor laga gelé av frysarbær. Litt rips, litt bringebær, litt appelsinskal, litt krydder og litt improvisasjon (eg er frykteleg dårleg til å halda meg til oppskrifter, men ofte går det greitt likevel. Ikkje alltd, men oftare enn ikkje).
No står geléen fin og mørkeraud på kjøkendisken og geléar seg i glasa (håpar eg).
Ved sida av står eit Norgesglas med meir bær, desse i eddik. Og eddikar seg (håpar eg).
So er det berre å venta. Om det blir gelé vil visa seg i morgon. Om det blir brukande eddik, vil visa seg til jul.
Men dei bæra som vart til overs, dei skal snart visa seg å bli søndagsdessert.