5. desember
Sogndal i dag, og dei siste julepresangkjøpa. Har hatt høve til å vera uvanleg tidleg ute med handlinga i år, og kjenner at julefredskjensla blir hjelpt godt på veg av at presset ikkje heng over meg. No kan eg bruka resten av adventen på å gjera meg flid med innpakkinga av presangane og gleda meg til å gje dei vekk. På å baka vørterbrød og peparkaker, og laga julepynt og sjå på Snøfall. Eller rusla i gatene og høyra på julemusikk og sjå på julelys og folk som stressar, og ikkje kjøpa noko som helst.
Ein burde alltid ha so god tid før jul. Men sidan det er ganske usannsynleg at alle framtidige adventar blir slik, tenkjer eg det er best å verkeleg legga seg i selen for å nyta denne.
Bilete frå vegen til Sogndal, litt tidlegare i år.