top of page

6. desember

No i desember er det vel eigentleg å overdriva å snakka om dagslys. Det lyset me får, er vel meir for ei lang skyming å rekna. I tillegg har me her i Gaupne to solnedgangar.

Utpå føremiddagen kjem sola fyrst sigande rundt Råa-berget, og kastar langt, stripete halvlys gjennom bygda. Ikkje lenge etter snik ho seg bak Molden, og lyset dimmest enda eit lite hakk. I akt 2 kjem ho sleppande fram att ei lita stund, for so endeleg å forsvinna bak Røneidsberget.


Når soli kliv Molden ein gong ut i februar, då går det verkeleg mot lysare tider.

Men det er no litt kjekt med denne "mørketida" òg.



Bilete frå ein snartur opp i Gamlaberget i dag, tekne midt i skyminga, mellom kl.12 og 14.


Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page