12.24.2016

12.23.2016

12.22.2016

12.21.2016

12.20.2016

12.19.2016

12.18.2016

12.17.2016

12.16.2016

12.15.2016

Please reload

Siste nytt

9. desember

09.12.2016

I samband med utdelinga av Nobels Fredspris har Fredssenteret hyra inn den danske fotografen Mads Nissen til å laga ei utstilling. Han er ein interessant og velkjend fotograf, og på den eine sida er dette ei utstilling eg veldig gjerne skulle sett. På den andre sida er eg litegrann irritert over at dei valde å bruka ein slik "stjernefotograf", som dei kallar han. Kunne dei ikkje late ein litt mindre etablert fotograf få prøvd seg. Eller kva med ein colombianar?

Medan eg var i Medellín var eg heldig å få bli kjend med fleire fotografar der borte som har store mengder bilete av landet og  folket i konflikt, bilete som kan stoppa pusten i halsen på ein. Sjølv har eg stor tru på orda, men nokre gonger er verkeleg bileta verd tusen av dei.

 

Kanskje det er utanfråblikket Fredssenteret vil ha? 

Her har de iallefall eit lite utval av mitt utanfråblikk. Meir kjem i morgon.

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Please reload

Gammalt nytt

© 2016 Silje Drevdal