12.24.2016

12.23.2016

12.22.2016

12.21.2016

12.20.2016

12.19.2016

12.18.2016

12.17.2016

12.16.2016

12.15.2016

Please reload

Siste nytt

10. desember

10.12.2016

Colombia sin president, Juan Manuel Santos, er i Noreg for å ta imot Nobels Fredspris, og eg skulle helst vore i Colombia ... 

 

Det har vore rart og litt sårt å sitja i Noreg og følgja avsluttinga av fredsforhandlingane, diskusjonen og avstemminga om fredsavtalen, og tildelinga av fredsprisen. Når nyheitssendingane er over, vil eg har meir meir meir. Eg vil ut på gata, snakka med folk, lytta til diskusjonane, kjenna på stemninga, høyra kva dei som vert direkte påverka av denne avtalen tenkjer om han. Trur dei på at "det umoglege er mogleg", at det no omsider kan bli endringar i landet? Kjenner dei seg håpefulle, skuffa, engstelege, sinte, lukkelege?

Colombia ser so annleis ut frå innsida som landet blir framstilt gjennom norsk media. Det landet eg kjenner er ufatteleg mykje meir: meir komplisert, meir fargesprakande, meir fasettert, meir bråkete, meir interessant, meir levande. Biletet nordmenn flest går rundt med av Colombia verkar innhelda utelukkande konflikt og narko-tika. Eg har ikkje tal på gongene eg har nemnt tida eg budde der, og vorte møtt med forskrekka blikk og spørsmål om ikkje det var fryktleg farleg, som om eg hadde reist midt inn i ei krigssone. Men sjølv om ein talar om borgarkrig i Colombia, har ikkje heile landet vore ei slagmark, i alle fall ikkje av den typen slagmark som er synleg og uunngåeleg for ein som kjem utanfrå. Det tek litt tid å få auge på korleis dei strukturelle, økonomiske og sosio-politiske problema som vart nemnde i talane i dag har samanheng med konflikta ein no håpar er over. Dei underliggande motsetnadane og spenningane ligg der framleis, og kjem til å vera der lenge. No startar det verkelege arbeidet med normalisering og forsoning. Det kjem til å bli vanskeleg, men veldig spennande.

 

 

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Please reload

Gammalt nytt

© 2016 Silje Drevdal