top of page

13. desember

Eg elskar slike småabsurde samsurium av opphav av tradisjonar som Luciadagen!

Han er gammal (som katolsk minnedag) og ganske ny (som norsk tradisjon). Han har kristne bitar (Lucia), ikkje-so-kristne bitar (Lussi og Oskoreia), og ein del andre bitar. Han har historisk bakgrunn som ei markering av den kortaste dagen i året (noko eg personleg tykkjer det er vel verd å markera). Han er framleis aktuell, og til glede for stadig nye generasjonar smårollingar og eldreheimsinnbyggjarar.


Noko for ein kvar smak.

Med bollar attåt.


Eigentleg er eg glad i dei fleste tradisjonar og festdagar som gir meg ein ein god grunn til å eta noko godt, gjerne noko heilt spesielt for den eine dagen. (Fastelavn er kanskje den feiringa som dreg dette lengst. Eg tykkjer det islandske namnet "bolludagur" er meir presist enn det norske, for det handlar jo - i alle fall for meg - utelukkande om bollar.) (Burde ikkje eigentleg pinsen skaffa seg ein mattradisjon? Eller er det eg som ikkje veit om han?)


I dag har eg dessverre ikkje sett ein einaste smårolling i kvit habitt, men eg høyrde tilløp til Luciasongsynging på Statens Hus i dag tidleg. Og Lussekatt fann eg òg, hjå Sweet Rain, og den var god.




Desse kjortelkledde gutane er ikkje stjernegutar, men bileta frå påske i Sonsón høvde liekvel til stemninga i kveld, tykte eg.

Siste nytt
Gammalt nytt
bottom of page